Ut på tur! Sur? Ikke faen!

Etter to dagar heime som har vore litt nedtur humørmessig, har eg i dag kome eit stykke vidare.

Blei vekt av ein klem. Det er ingenting som slår det! Det var åtteåringen som sa hadet då ho var på veg ut for å gå til første skoledag i 3. klasse. Tenk at ho er blitt så stor allereie... 
Slumra litt til, men er visst blitt kronisk A-menneske på mine gamle dagar. Plutseleg gjekk det ein alarm også. Faen, tenkjer eg. Hadde eg satt vekkeklokka på? Nei - ikkje den vanlege - men den som eg har lagt inn kvar morgon og kvar kveld - som minner meg på å ta dei helvetes pillene.

Opp og stå, formen bra. Armen vond, men etter å ha rista litt kraftig på den (!) var det akkurat som at det blei betre sirkulasjon i blodåra, og smerten slapp! Kva i alle dagar, tenkjer eg.

Egg til frokost. Vesla er ikkje i barnehagen enda. Ho insisterer på å eta egg saman med meg, sjølv om ho nettopp hadde spist frokost. Fruen er i dusjen. Vi et ferdig, eg lagar ein kaffekopp og går ut i sofaen. Der står NRK Super på. Det er lite som slår det å ha ein liten varm kropp i berre natt-trøya som kravlar opp og godt inntil ein for ein sofakos. Det var kanskje det eg sakna mest dei dagane eg var borte!

Tenkjer litt på jobben. Har dårleg samvit. Kjenner igjen på at det er akkurat det som er problemet mitt. 
Fruen har det travelt. Klokka er blitt over 9 og vesla må leverast i barnehagen. Eg er ikkje invalid, men det er litt godt å sleppe å levere i dag også. Bestemmer meg for at eg skal hente, i alle fall. 

Tar ein nyheitsrunde i nettavisene, og sjekkar Facebook. Igjen.
Fruen kjem tilbake etter å ha levert minsta, og tar bussen til Skien ein tur. Eg går ned i hallen og finn fram treningstøy. Eg har fått beskjed frå legen om at eg kan gjera som vanleg dei første par vekene etter utblokkinga, men bør ikkje ta meg heilt ut. Det har eg ingen planar om. Verkar litt teit å ta på treningstøy sidan eg ikkje har tenkt å svette noko særleg og ta det med ro, men eg bestemmer meg for å gjera det likevel. Det er noko med innstillinga ein har når ein går ut. Det er det same med å ta på gi (karatedrakt) før eg trener karate. Det er noko heilt anna å trene kata i gi i dojoen enn i treningsbukse heime. 

Eg ruslar roleg ut og i den vante lysløypa i Røsskleiva. Det er eit naturreservat som har unik kalkfuruskog, og er eit flott turområde. Området er freda, men det finst ei flott lysløype, og andre stiar går på kryss og tvers. 
Det regnar litt, og bakken og gresset er vått. Det hadde plaga meg for ein månad sidan. Eg var ein godværsturgåar. No er det berre deilig. 

Starten på løypa går jamnt oppover i ein lang bakke. Det gjer at eg snart får kjenne på om pusten og hjartet funkar som eg vil. Eg synst eg blir andpusten litt for kjapt, men finn ut at eg eigentleg kanskje berre er nervøs! Ikkje nervøs for å få hjartestans eller at noko alvorleg skal skje, men nervøs for at kroppen ikkje skal fungere som før! 

Eg går vanleg opp bakken, og kjenner at det går heilt fint. Ingen smerter. Ingen ubehag, og så lenge eg ikkje pressar meg, så er eg ikkje andpusten heller. På toppen er det berre deilig. Eg motstår fristelsen til å presse meg meir i bakkane, og held det roleg. 
Plutseleg høyrer eg det knasar i kvistar ved sidan av meg, og eg ser ein rådyrkalv som låg stille berre eit par-tre meter frå stien. Han tok nok ikkje sjansen på å liggja stille lenger, og rømte. Eg hadde garantert ikkje sett han dersom han hadde ligget stille, og eg tenkjer på alle dyra i skauen som gjer akkurat det. Ligg stille rett ved der eg er, og eg merkar ingenting. 

47 minutt og 19 sekund tok det å gå nesten 4 km. Det er eg stålfornøyd med i dag. Eg synst det fungerte rimeleg som normalt, og kjenner at eg kan gå litt fortare eller litt lengere i morgon. 



Vel heime ryddar eg litt i buskaset på haka, dusjar og spis eit par skiver til lunch. Ein kaffi, og så skriva i bloggen mens eg ventar på at Tale skal koma heim frå skulen. Må vera fint å vera heiltids bloggar! Hehe.

Fysisk aktivitet er nøkkelen til psykisk (og fysisk) velvære. Det blir enda viktigare for meg framover enn det var før. Om to veker skal eg på treningssamling i karate i Os utanfor Bergen. Eg bestilte flybillett dagen før eg blei innlagt. Tone vil ikkje at eg skal dra. Ho er redd for meg, men ho må berre finna seg i det og venne seg til tanken! :)

Kommentarer