Stress?

Laurdag. Eg har vakna i senga på Ahus. Det er ei vekes bryllupsdag!
Det gjekk litt lenger tid enn vanleg å få sove i går. Eg blei liggjande å tenkje på jobben. Og kjenne på trykket i brystet som tiltok i styrke jo meir eg tenkte på jobben - og trykket i brystet. Ein ond sirkel som det ikkje var lett å koma ut av. Kjenner på det no når eg skriv om det, og det er ikkje noko god kjensle.



Eg les i brosjyra mi om Angina pectoris. Fysisk anstrengelse og psykiske påkjenningar er utløysande faktorar. Eg er og har alltid vore i generelt god form, har ingen hjartesjukdom i familien, så det er ingen slike grunnar til at eg skulle få dette. Så spørs det om eg er tvungen til å tenkje på den andre moglege årsaka: psykiske påkjenningar. Det er vel ganske enkelt det som vi kallar for stress.

Og eg må starte å innrømme for meg sjølv og alle andre at eg er stressa. På jobben. Eg er flink til å late som, og eg er til og med flink til å koble ut. Eg koblar ut det eg bekymrar meg for. Eg går inn i hula mi og konsentrerer meg om musikk, videoredigering, fotoredigering eller dataspel, eller kosar meg i sofaen med Tone og ein tv-serie. Eg går turar i skogen, og eg trener karate. Då eksisterer ikkje det eg bekymrar meg for. Men det blir jo ikkje borte av seg sjølv. Det er så praktiske ting. Eg berre utsett stresset. Det blir berre verre etterpå.

Eg veit ikkje korleis det har blitt slik. Eg trivast i jobben min, eg er flink til det eg gjer, eg jobbar saman med fine folk som eg har jobba med i nesten 15 år. Men i det siste har det blitt vanskeleg å levere på det eg har vore best til før; problemløysing. I 2012 var vi sju tilsette, og det gjekk bra i sjappa. Vi tok ut utbytte av overskotet kvart år, og ting gjekk på skinner. Sidan har ein kollega pensjonert seg, og ein har nettopp slutta. Det tyder meir å gjera på oss andre. Til overmål er ein av oss ute i pappapermisjon også, så det er for tida veldig få å dela oppgåvene på. Vi har mista nokre viktige kundar, og det er meir press på oss til å levere, både på salg og i produksjon. Det går ikkje dårleg, men det er større press på kvar og ein av oss. Det fiksar eg tydelegvis dårleg no.

Det har alltid vore slik i små bedrifter, og også i vår, at det å ta seg fri frå jobben - ferie, ikkje alltid er av det betre. Dersom ein er bussjåfør, så stenger ein anten av ruter,  eller sett inn sommervikarar. I min jobb er det ingen som gjer jobben min mens eg er borte. Det problemet eg satt med før ferien, er der enda når eg kjem tilbake. Då har det berre lagt seg til tre veker med frustrasjon frå kundar og kolleger, og det har dukka opp X nye problem eller oppgåver som må løysast i tillegg til dei problema eg hadde på blokka før.
Eg har kost meg i ferien. Eg elskar å vera med familien min, og eg lukkar jobben ute, men så kjem det med tre vekers tyngde når eg er tilbake...

I tillegg driv eg ei nettside som heiter Akvaforum.no. Den har eg utvikla og driv sjølv, gjennom 10 år. Eg er heldig som har flinke folk som er moderatorar og tar seg av mykje der, men sida treng no vidareutvikling. Ein jobb som eg alltid verkeleg har kosa meg med på fritida før, men som no er blitt enda ein stein i ryggsekken eg bærer på.

Dette er ikkje sunt.

Eg tar meg i å sakna den tida då eg hadde ein praktisk jobb. Eg jobba som lastebilsjåfør i tre år på nittitalet. Mesteparten av denne tida distribuerte eg varer til kioskar/bensinstasjonar/storkjøkken i osloområdet. Eg starta jobb klokka 6:15. Då måtte eg ha lastebilen rygga inntil rampa. Eg hadde tre kvarter til å lesse varene som var ferdigplukka på feltet på bilen, så køyrde eg ut og leverte varene. Når dei var levert, så var dagen over. Uansett. Når eg var borte, om det var sjukdom eller ferie, så var det andre som leverte dei varene eg skulle levert. Eg starta på scratch med ei overkomeleg oppgåve kvar dag. Eg hadde aldri noko etterslep. Bliss! (Men sjølvsagt frykteleg rutineprega og kjedeleg over tid)

Eg er eigentleg flink til å stresse ned og ikkje tenkje på dei tinga eg ikkje kan gjera noko med. Eg greier å koble slike ting ut. Men dette er ting som eg praktisk sett KAN gjera noko med, men eg greier det berre ikkje for tida, og eg skjønar ikkje kvifor. Så eg veit ikkje kor eg skal starte. Eg går rundt i gangane på sjukehuset her no, og jo meir eg tenkjer på det, jo meir snører det seg i brystet, og eg kjenner det stråler til kjeve og arm.
Det gjer det jo heller ikkje betre at eg bekymrar meg for at bekymringane mine bokstaveleg talt går ut over helsa. Kva gjer ein då?

Eg blei innlagt natt til onsdag. Det første som skjedde då kollegene mine fekk nyhenda på onsdag var å senda epost og meldingar: Blir du sjukemeldt? Når er du tilbake? Når er du tilbake?
Huff.

Og så er det ein liten stemme i hodet mitt som heile tida seier: Din dust. Det er enkelt. Du har ingen problemer. Sjå på Gaza. Sjå på Syria. Sjå han som ligg på naborommet og ikkje kan reise seg. Tenk på dei som ikkje har mulighet til legehjelp? Stress? Stress er å ikkje vita korleis ein skal gje barna sine det neste måltidet!
Patetisk! Luksusproblem! Ta deg saman!

Og så blir det berre verre.

Kommentarer