Ny blogg. Helsa borte?

Eg har ei stund vurdert om eg skulle opne ein ny blogg. Det skjer ikkje så reint sjeldan at eg har ting på hjartet. Eg har ein blogg til her på blogspot som eg skulle bruka til tekniske ting, men det blir jo ikkje gjort. Så no er eg spent på om eg er moden for dette.

Årsaka til at eg no prøver igjen er to hendingar i løpet av kort tid.

  1. Eg gifta meg på laurdag 
  2. Tysdag blei eg lagt inn på sjukehus med smerter i hjerteregionen. 


Vi hadde eit fantastisk bryllup på laurdag med 50 gjestar. Familie og vener i fin blanding. Flott humanistisk vielse, god mat og artig fest på Langesund Bad. Tone og eg har spelt litt saman i det siste, og vi endte opp med å stå for underhaldninga sjølv då vi spelte tre låtar for gjestane. Det var veldig moro. Det er lenge sidan eg har stått på ein "scene" no, og det ga definitivt meirsmak. Film av spelinga blei lagt ut på Youtube, og det blei faktisk plukka opp av lokalavisa!



Sliten søndag gjekk fort. Mandag var eg tilbake på heimekontoret. Mandag kveld merka eg at eg var ekstra sliten då eg kom heim etter å ha levert musikkanlegget i Skien, men det verka heilt naturleg.

Tysdag morgon tok eg lokalbussen til Porsgrunn og satte meg på toget til Oslo. Vel framme på Skøyen gjekk eg til kontoret, men etter å ha gått opp trappene til kontoret og satt meg til skrivebordet, kjente eg at det gjorde vondt i venstre arm, eg kjente trykk i brystet og sterkt ubehag i kjeven.
 Det gjorde ikkje vondt i brystet. Ingen konkrete smerter, berre eit vedvarande trykk, som om eg hadde spist noko litt for stort, litt for fort. Det ga seg ikkje på nærmare ein halvtime, men blei til slutt borte.

Eg synst dette var litt rart, men tenkte ikkje meir på det før ved lunch, då eg gjekk til kantina som ligg i ei anna bygning. utanfor huset og kjente at eg merka litt trykk igjen. Etter at eg hadde spist byrja eg å google symptoma: "Trykk i brystet, stråling i arm, kjeve", og fekk klar beskjed om kva det kunne vera.

Eg gjorde likevel ikkje noko med det, då eg følte meg fin igjen.

Så skulle eg på karatetrening etter jobben klokka 18. Rusla bort, og gjekk opp dei fire etasjane til dojoen. Oppe, var eg sliten. Trykk i brystet, litt svimmel, vondt i armen... Eg skjønte at det ikkje var lurt å trene.
Rusla tilbake til kontoret, og Skypa min nybakte fru, og fortalte kva som hadde skjedd - vel vitande om at ho kom til å kreve at eg ringte legevakta... For eg kunne jo ikkje gjera det på eige initiativ. Eg er trass alt mann!

Så eg ringte legevakta, og sjukepleiaren i andre enden ba meg om å ta ein tur. Herre, tenkte eg. Det kjem til å ta heile kvelden og halve natta, men-men. Eg likte jo ikkje kjensla i kroppen.

Så eg gjekk ut og fann 31-bussen og tok den til Legevakta. Der fekk eg koma inn nesten umiddelbart og tatt EKG og blodtrykk. Etter det måtte eg vente på konsultasjon med lege. Etter lang tid, i alle fall halvannan time, kom eg så inn og fekk snakka med han. Han synst det høyrde litt skummelt ut, og etter å ha konferert med lege på Ahus, blei det bestemt at eg skulle dra dit for å ta blodprøver.
Herre, tenkte eg igjen - heilt til Ahus berre for å ta ein blodprøve??

Så fekk eg vente halvanna time på eit fellesrom med tre andre. Ein som låg på magen og hadde ondt, ein gamling som prøvde å hoste opp lungene sine (verka det som), og ei dame som kasta opp konstant.

Til slutt kom det to ambulansekarar med båre. "Båre?" sa eg. "Eg er frisk. Kan eg få gå?". Ute i ambulansen blei eg spurt om eg ville liggja... "Øh, nei takk". Halvtimen til Ahus gjekk fort. Snakka med ambulansemannen på vegen. Ein hyggeleg fyr frå Kragerø.

Inn på akuttmottaket, ny runde med EKG, og ei dame som snakka svensk med finsk aksent skulle ta blodprøvene, og til tross for "mina fina årar", så måtte ho ha tre forsøk før veneflonen var på plass Shit happens. Det var verst for henne!

EKG normal, blodtrykk normalt, puls normal, ingen feber. Eg blei så plassert på ei båre på eit eige rom på mottaket. Der blei eg plassert på EKG konstant. Så ei gladmelding: Min forlover Tord var på døra. Han tok turen heilt frå Asker for å vera med meg! Heilt unødvendig, meinte eg, men det var kanskje mest for Tone si skuld som var så langt borte. Han hadde med vatn, sjokoladebollar og SMIL! Juhu!

Så fekk eg vente der med Tord til klokka 3 om natta. Då kom det ein lege med svar på blodprøva. Denne blodprøve målte proteinnivå i blodet, som så kunne visa om eg hadde hatt eit infarkt eller ikkje. Det hadde eg ikkje. Og det visste eg jo...  Men ny blodprøve blei tatt, og eg fekk ei seng på eit rom på observasjonsposten. Tord fekk dra heim, stakkars mann. Han skulle opp tidleg med ettåringen.

Neste morgon fekk eg beskjed på visitten at andre blodprøve var negativ. Eg hadde ikkje hatt noko infarkt. Men dei ville at eg skulle ta ein belastintingstest på ergometersykkel. Som sagt, så gjort. Eg sykla i veg, men byrja kjenne trykk i brystet etter relativt kort tid, så dei stoppa og sendte meg på rommet igjen.


Neste stopp var CT. Eg blei trilla i senga mi til CT, der eg fekk ny runde med EKG og testing, før eg fekk entre maskina. Der fekk eg så ny veneflon, og etter ein sprut med nitroglycerin under tunga, pumpa dei inn kontrastvæske, og DET var merkeleg kjensle! Det var som ein hetebølge som gjekk gjennom kroppen.

Det var ganske lang ventetid i maskina, og eg måtte gjera alt to gonger fordi hjertet dessverre slo eit slag på feil tidspunkt, og bildet blei blurry.

Etter det, i 13-14-tida starta ventetida på CT-resultatet. Eg var då rimeleg sikker på at CT-resultatet kom rimeleg raskt, og at eg kom til å bli utskrive same dag, men like før 16, kom legen inn og sa at resultatet ikkje blei klart, og eg måtte vente til neste dag,



Om kvelden fekk eg heldigvis besøk av kompis Geir som hadde med seg Mojo Magazine og Twist. Ellers hadde det blitt ein kjedeleg kveld!


Torsdag starta i åttetida med frokost, ellers var det berre å smøre seg med tålmodighet. Ingen nyhende på visitten, og timane gjekk. Om formiddagen fekk eg så besøk av Grethe som hadde med heimelaga varme rundstykke, og smoothie!


Enda fleire timar gjekk, men så kom endeleg legen i 14-tida og kunne fortelja resultatet frå CT.
CT-bilda viste kalk i årene som forsyner hjertet. Angina pectoris. Det hadde eg ikkje venta, men eg kan heller ikkje seia at eg var sjokkert. Eg kjente jo symptoma. Dermed hadde ein foreløpig diagnose, og eg fekk umiddelbart satt opp ein time på Feiringklinikken for angiografi og mogleg utblokking av årer. Einaste nedtur var at den timen ikkje er før på mandag, og eg må bli verande på Ahus fram til då... Det var ikkje moro.

Så var det å gje nyhenda til mi nybakte kone, som allereie hadde bestemt seg for å reise innover. Begge unga blei innlosjert hos bestemor, og så køyrde bestefar henne til meg.

Vel framme hadde ho med seg laptop og det som skulle til for at eg fekk starta den bloggen som du les no. I mellomtida brukte eg nettbrettet til å teikne med. Dei timane eg var aleina då, fekk meg til å tenkje. Eg var (og er) ikkje redd, men eg synst det var litt skummelt. Men når Tone kom, blei eg roleg, og skjønte heit sikkert at det kom til å gå bra.


Det inngrepet eg skal ha er veldig rutinemessig, og sjansen for å full rehabilitering nærmast med ein gong er ekstremt stor. Risikoen er uhyre liten. Og det er utruleg mykje lettare når ein oppdagar det tidleg slik det er gjort med meg.

Så: Dersom du har opplevd (eller opplever no) slike symptom som eg har: Trykk over brystet, smerter eller ubehag i arm/kjeve, så kom deg til lege. Det einaste du risikerer er at legane kjem fram til at du er frisk, og ingen nyhende er vel betre enn det?

Lytt til kroppen din og gjer noko med det. Naboen vår gjorde ikkje det i vinter. Han hadde gjeve uttrykk for at han hadde vondt til ein annan nabo, men gjekk ut for å måke snø i staden for å dra til legen. Han falt om og døydde. Du har ikkje lyst til at det skal skje!

Anyways... .Her sit eg, for øyeblikket aleina, og det er litt keisamt, men eg har vore med Tone heile dagen og hatt det fint. Ho kjem i morgon, og eg får besøk av fleire kompisar i løpet av helga. Eg er utruleg heldig som har så mange gode vener som bryr seg og stiller opp. Det betyr masse.
All støtta og likes som eg har fått på Facebook av vener, familie og bekjente betyr også masse. Det er veldig oppmuntrande, og aktivitet på Facebook fører til fysiske besøk, som er enda betre!

Kommentarer

  1. Grattis med ny blogg, tankevekkende lesing faktisk, og god bedring, Holger! :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar