Medlem i DEN klubben

I går var det overstått. Så langt, i alle fall.

Etter eg posta gårsdagens innlegg, var det berre å venta på Helseekspressen som skulle ta meg og Tone til Feiringklinikken. Eit flott tilbod med hyggelege fagfolk som tilbød koffeinfri kaffi på turen. To pasientar i den svære bussen var kanskje litt overkill, men vi klaga ikkje...



Etter denne fantastiske sumaren var det sjølvsagt eit øse pøsande regnvær, men det hadde lite å seia og turen gjekk raskt nordover til Mjøsa og Feiring. Vel framme blei vi godt mottatt og eg fekk enerom! Juhu! Klar forbetring frå Ahus. Eg hadde hyggelege romkameratar der, for all del, men det er noko eige å kunne fjerte i vilden sky utan å måtte tenkje seg om!


Veldig, veldig hyggelege sjukepleiarar passa på alle mine behov, og etter eit par-tre timar var det min tur til å bli preppa for angiografi som den siste for den dagen. Det medførte å bli satt under ekg-overvakning, og lagt på bordet og pakka inn slik at berre hode og håndledd stakk fram. Legen kom så inn, satte lokalbedøvelse i armen, og satte i gang. Eg sa nei til roande medisin på førehand.

Eit kateter blei ført inn i blodåra fram til hjartet, og ein slange med kontrastvæske blei ført inn. Eg kunne også fylgja med på storskjerm på røntgenbilda av arteriene når han sprøyta inn kontrastvæske. Eg såg faktisk sjølv med ein gong kor problemet var. Ei av arteriene såg ut som det mangla ein bit, men eg forsto med ein gong at det var ei innsnevring, sidan det var kontrastvæske på andre sida. Eg fekk vita etterpå at det var 99% tett. Heilt på grensa til infarkt altså... Skummelt! 

Det er vanskeleg å forstå korleis eg kunne bli så dårleg nesten over natta. To dagar før eg blei innlagt merka eg jo ingenting! Eg tok av på dansegolvet til Killing In The Name Of som normalt! 

Legen såg også på ei av dei andre arteriene som såg mistenkeleg ut, og etter ein kort samtale med ein annan lege, gjekk han i gang med utblokkinga. Det medfører å føre inn ein "ballong" til dit innsnevringa er, og blåse denne opp. Samstundes setjast det inn eit stent som held det opent. Heile greia var gjort på ein liten halvtime, og eg var ute igjen, men måtte vera til observasjon i to timar etterpå. Då eg kom ut og satte meg i stolen på observasjonsposten, kunne eg tydeleg kjenne skilnad i brystet! Fantastisk! Formen tilbake på eit blunk! Det er armen som kateteret er ført gjennom som har tatt den største støyten. Den er litt vond - også dagen etter. 

Ingen komplikasjonar, og eg kunne eta koljekaker til middag! Ein roleg kveld fulgde, men var ute og gjekk i korridorane ein tur om kvelden. Fin form!

Tone måtte sove på hotellet to etasjar opp, og det var litt rart å skulle sove i same bygg, men på ulike rom, spesielt sidan eg kjente meg heilt frisk. Eg tørna imidlertid inn ganske tidleg og sov til nesten 8, då eg hadde ein siste samtale med legen.
Ein ny time blei satt opp til 1. september då dei skal sjekke den andre innsnevringa og evt blokke ut den også, og så fekk eg resept på alle medisinane eg må ta. før vi fekk dra heim med Helseekspressen til Ahus og drosje derfrå og heim til Stathelle.

Her heime var det godt, men litt sterkt å koma heim. Vi hadde ikkje fått rydda heilt etter bryllupet og det var fullt av visne blomar og bryllupsgåver. Det blei ei slags påminning på at det er så kort tid sidan alt var bekymringslaust og berre moro. Før døtrene mine kom heim, dro vi og handla litt, og henta medisinene på apoteket. Sukk...   




Det er då ein blir spesielt klar over at livet ikkje er heilt det same som før. Eg har jo tatt medisinar sidan torsdag på Ahus, men det er når ein ser alle eskene på bordet heime at det synk inn. Nokre av desse medisinane må eg ta livet ut, ellers risikerer eg blodpropp og det som verre er.

***

Alt dette betyr at eg no er medlem i DEN klubben. Klubben der medlemskap på ingen måte er eksklusivt, og ingen ynskjer å vera med. 

Etter ein dag byrjar det no verkeleg å gå opp for meg at medlemskapet i den klubben stenger dører for meg. Det er plutseleg ting eg ikkje kan gjera pga medisinane eg må ta, og det er faen meg kjipt! 

Misforstå meg rett: alt er relativt. Eg er glad for alt eg kan oppleve no fordi eg ikkje får eit hjerteinfarkt som kan ta LIVET mitt, men eg har likevel lov til å synst det er kjipt at livet mitt er forandra over natta. Frå å vera ein mann som var inderleg glad for den gode helsa si, som slutta å røyke for 11 år sidan, som har brukt CPAP mot søvnapné i 8 år, som var i grei form og aldri brukte medisin anna enn ein ibux/paracet i ny og ne, til ein gæmlis som er heilt avhengig av medisin. Det er faen meg kjipt!

Noko av det første eg har oppdaga er at eg har tatt mi siste tatovering. Dei første blei dei siste. Det er naturleg nok ingen som vil tatovere nokon som går på blodfortynnande medisin. 
Eg hadde planane klåre for nye tatoveringar. Spart pengar hadde eg òg. Eg skulle berre få bryllupet overstått og sjå at vi ikkje gjekk konk på det før eg bestilte time. No er det kjørt fordi eg er med i den klubben. :-(

Eg kan sjølvsagt ikkje gje blod. I Oslo var eg fast blodgjevar i årevis, og eg hadde nettopp fått sendt nedover papira mine slik at eg kunne byrja å gje blod her i Grenland. Dei kan eg berre kaste no, for no er eg med i den klubben

Dette er dag 1, og eg aner konturane av mange slike opplevingar framover... ting eg har lyst til, som er stengt for medlemer i klubben.

Det er ein klubb med sinnsykt mange medlemer. Altfor mange medlemer. Eg kjenner fleire som er med i klubben, og det er mange fine folk som er medlem, men eg har ikkje lyst å joine dei. Sorry. Men eg har ikkje noko val. Det berre blei sånn. Eller eg gjorde det mot meg sjølv. Kven veit. 

Den som kunne skru tilbake tida. Den som kunne vita kva som var i ferd med å skje? Var det reversibelt på noko tidspunkt? Var det den siste biten med bryllupskake som gjorde det? 
Det nyttar ikkje spekulere... Eg veit eg kjem til å innfinna meg med det, og vera glad for det eg har, men eg har også rett til å føle sorg over helsa som blei borte. 

Helsa mi er nemleg ikkje god lenger. Helsa mi verkar god så lenge eg tar dei helvetes pillene. Eg kan trene karate, leike med ungane, ete sjokoladekake, dra på fisketur, ta meg ein fest, kline med kona, men eg må alltid sørge for å ta pillene mine. Ellers blir eg sjuk. Potensielt dødssjuk. Det er ikkje moro. 

Kommentarer