Ei historie om karate

Hausten 2004. Eg var 34. Barnlaus og lukkeleg. Hadde budd eitt år på Holmlia i Oslo saman med kjærasten min. Det året blei vi begge sjuke. Litersjuke. Vi starta med eitt, men fekk etterkvart 8 akvarium. Det var moro. Akvarium er ein fin, men ikkje spesielt aktiv hobby. Mykje kos i heimen og synkande forbrenning pga stigande alder gjorde sitt, og eg var raskt på veg opp i vekt.
Noko måtte gjerast. Men kva? 

6 år var gått sidan eg hadde gått frå ein aktiv jobb som lastebilsjåfør med distribusjon av varer til kioskar og storkjøkken i Oslo og omegn til ein stillesitjande jobb som webutviklar på kontor. I starten av kontorkarriera kjøpte eg medlemskap på SATS, og var flink ein periode med trening på senter om morgonen før eg gjekk på jobb. Det varte imidlertid ikkje. Å gå på treningssenter er som mange veit, uhyre kjedeleg, og eg gjekk over til å bli støttemedlem i 1999, og betalte ein latterleg sum pengar for medlemskap i over eitt år før eg fekk avslutta.

I 2004 var eg ikkje på direkte leiting etter aktivitet, men visste at eg måtte finna på eit eller anna. Då såg eg tilfeldigvis ei annonse i eit blad. Slagordet var "Karate - trening for voksne med en travel hverdag".
Karate? Eg?

Eg var aldri særleg aktiv idrettsutøvar som unge og tenåring. Det var musikk og teater som var min greie. Eg hang med på fotball i kirkeparken, men det einaste organiserte eg var med på var litt handball i 7. klasse, og volleyball i 2. klasse på vidaregåande. Eg var fascinert av kampsport, og det var ein del som trente karate hos Ben Offerbeek i Narvik der eg vaks opp, men eg hadde dårleg sjølvtillit og trudde det krevdes mykje meir enn det eg hadde for å kunne vera med.

Då eg flytta til Oslo var eg snart over 20, og då var det i alle fall for seint - trudde eg. Kampsport og karate var for unge atletiske og mjuke ungdomar. Ikkje gamle stive folk som meg.
Men som 34-åring satt eg og vurderte dette på nytt. Hadde eg noko å tape på å prøve? Sjølvtilliten eg hadde fått på andre område som vaksen ga utslag i sjølvtillit nok til å prøve dette også.

Karateklubben heitte "Karateklubben Hiryukan" og eg gjekk inn på nettsida deira. Informasjonen eg fann inspirerte enda meir, og eg sendte av gårde ein mail med forespørsel om nybyrjarkurs. Eg fekk svar med ein gong. Eg kunne byrja på nybyrjarkurs i januar 2005. Det var midt i blinken! Klubben hadde eigen dojo på Skøyen - ikkje langt frå kontoret.

Januar kom. Eg stilte barbeint i t-skjorte og treningsbukse og følte meg frykteleg awkward. Tung i sessen og pusta som ein gamal råne. Men det var moro! Og instruktørane oppmuntra oss - og eg blei flinkare.

Sensei Cato Bruarøy
Klubben var starta opp eit par år før av Sensei Cato Bruarøy (6. dan). Han hadde starta klubben som eit treningstilbod til vener og kolleger, og hadde funne ut at det fungerte bra. I staden for den typiske satsinga på barn og ungdom med tanke på konkurranse, satsa klubben på "trim" for vaksne med trening i tradisjonell karate, og med ein ide om at trening ein til to gonger i veka var nok til å få tilstrekkeleg framgang.

Dette passa meg utmerka. Eg oppdaga ei ukjent side av meg sjølv. Eg var ikkje håplaus slik eg var redd for. Eg hevda meg på linje med dei andre på nybyrjarkurset!
Folk var positive, det var eit flott miljø. Det var sosialt, og vi hadde to instruktørar som "piska" oss framover. Innanfor dei grensene som formen og fysikken til den enkelte tillot.
Eg graderte til gult belte i mars 2005, og starta umiddelbart på den ordinære treninga på tysdagar og torsdagar. I tillegg var eg og med på ein del kamptreningar. Vi var så heldige å bli trent av Sensei Cato så ofte han kunne, og framgangen var stor.

Karateklubben Hiryukan trener stilarten Wado Ryu, grunnlagt av Sensei Hironori Ohtsuka (10. dan). Det er ein av dei grunnleggjande stilartane innan karate. Klubben er organisert gjennom kampsportforbundet og Wado International Karate-Do Federation (WIKF).

Sensei Wicks
Eg blei tidleg treningspartner med Stein Ove. Han er fem år eldre enn meg og starta på det same nybyrjarkurset, men han graderte litt seinare enn meg. Vi graderte imidlertid saman til orange belte hausten 2005, og vi har fulgt kvarandre i alle år sidan.
I 2006 reiste vi på den første treningssamlinga vår på Voss med han som no er hovudinstruktør i vår organisasjon, sensei Jon Wicks. Bortsett frå i 2007 då eg dessverre var sjuk, har eg vore på alle samlingane på Voss sidan.

I 2006 skjedde noko anna som fekk veldig mykje å seia for meg. Eg blei pappa i mai.
Det gjorde at eg dessverre ikkje kunne trene to eller tre gonger i veka lenger. Det blei krevd meir av meg heime, naturleg nok. Men eg fekk halda tirsdag hellig. Tirsdag var karatedag, og det har eg halde i alle år sidan, også etter at eg flytta til Stathelle i 2012. Eg har beholdt jobben min i Oslo og trener framleis kvar tirsdag i dojoen.

Organisasjonen WIKF blei starta av Sensei Tatsuo Suzuki (8. dan) i 1991. Dr. Suzuki reiste til England på 60-talet for å spre stilarten til Europa, og den har sidan blitt etablert i ei rekke europeiske land. I Noreg var det Sensei Mihajlo Misic (7. dan) som var grunnleggjar av WIKF Norge, og alle dei leiande profilane i norske klubbar i WIKF har trent under han. Sensei Misic døydde dessverre i 2003, før eg starta med karate.

Eg har heldigvis hatt den store gleda og æra av å trene med Sensei Suzuki i 2009. Sensei Suzuki døydde dessverre i 2011, i ein alder av 83, og han trente til siste slutt, trass i ei rekke alvorlege sjukdomsperiodar. 

Sensei Suzuki, Sarpsborg 2009






Allereie som gulbelte sa Sensei Cato til meg fleire gonger at eg burde bli karateinstruktør. Eg smilte høfleg, og tenkte "Haha. Særlig". Tanken på at eg skulle bli instruktør i karate var omtrent like sannsynleg for meg då som å bli norgesmeister i selskapsdans. 

Tida gjekk. Eg trente jamnt og trutt. Mitt første mål om blått belte blei nådd i 2007, og allereie før det målet var nådd skjønte eg at det brune beltet også var innan rekkevidde. 3. kyu, det første brune beltet fekk eg i 2010, og då det var i boks byrja eg som hjelpeinstruktør for lågare graderte. Det var skummelt i starten, for ein har alle blikk på ein, men eg fann fort ut at dette var noko eg trivast med å gjera, og som instruktør får ein stor personleg framgang teknisk, fordi ein observerer korleis andre gjer teknikkane og blir ekstra opptatt av å gjera teknikkane riktig sjølv.
Det gjekk ikkje lang tid før eg byrja instruere på eiga hand, og no instruerer eg lågare graderte fast dei tirsdagane eg er i Oslo. Kven skulle trudd det?

Eg graderte til 2. kyu i juni 2011, men på grunn av fleire ting, spesielt flytting ut av Oslo, brukte eg forholdsmessig lang tid på å ta 1. kyu, det tredje og siste brune beltet. Det gjorde eg endeleg på Vossesamlinga i mars 2014, og eg har no stø kurs mot gradering til sort belte 1. dan på Voss i 2015. Ein stent eller to i kransarteriene stoppar ikkje meg. Tvert imot! Eg skal allereie om to veker til Os i Hordaland på treningssamling med Jon Wicks!

Å trene karate har gjeve meg utruleg mykje. Mellom anna god form, stor sjølvtillit, eit rom for utvikling og sjølvinnsikt og mange gode vener over heile landet. Eg kjem til å trene karate så lenge det er mogleg.

Eg vil tilrå karatetrening til alle, uansett alder! Bur du i Oslo/omegn vil eg varmt tilrå nybyrjarkursa til Karateklubben Hiryukan som startar i januar og i august. 


Kommentarer

  1. Hei Holger og takk for sist på Voss :)
    Kjempeflott innlegg og jeg er helt enig med deg, det er aldri for sent å starte med karatetrening. Ypperlig for både kropp og sjel. Og vi som har trent under sensei Misic og sensei Suzuki glemmer aldri det de begge har gitt oss!
    Lykke til med forberedelsene til 1. dan og så sees vi på Voss!
    Karatehilsen fra Sensei Eyvind A. Bagge - hovedinstruktør i Askøy Karateklubb Kobu do Kan

    SvarSlett

Legg inn en kommentar