Dommens dag

Måndag. Klokka 06:05, og ein svenske med pistrete hestehale og ein bart som burde vore stussa litt, vekker meg. Tid for dagleg rutine med måling av blodtrykk.

Bortimot halvparten av sjukepleiarane på avdelinga her snakkar ein eller annan svensk dialekt. Kva skal vi gjera her til lands når desse finn ut at dei vil reisa heim?

Blodtrykket er normalt. 115 over 72. I går gjetta eg blodtrykket og pulsen min før den blei målt, og eg traff nesten blink. Det er enklare å snakke og spøke med dei norske sjukepleiarane. Dei svenske er på ein måte meir reservert. Eg veit ikkje om det er språket eller kulturen. Men jobben dei gjer er uklanderleg.
Eg blir satt på EKG også. 10 strategisk plasserte klistremerker med elektrodar blir klistra på kroppen min, og eg får konstatert at alt er fint. Det har det heldigvis vore på alle målingane sidan den første på tysdag kveld.



Svensken spør om eg vil ha mat. Det blir ikkje servert frokost her før klokka 08:45, og eg skal av garde med helseekspressen til Feiring klokka 9, så eg rekk ikkje den vanlege serveringa.

Klokka er 6:15. "Kan eg vente litt?", spør eg. Det er tre timar til eg skal av garde. Eg tenkjer at eg kan sove litt til før eg må stå opp. Sulten er eg heller ikkje. Fire måltider om dagen og null aktivitet gjer at eg ikkje akkurat går rundt og sultar.

Eg legg meg ned for å sove litt. Fem minutt går. Svensken kjem tilbake og tar blodtrykket til romkameraten. Romkameraten har vore innlagt sidan onsdag, men dei finn ikkje ut kva som feilar han. I helga driv dei tydelegvis ikkje med diagnostisering. Vi har berre vore på oppbevaring. Observasjon.

Eg har hatt besøk av gode vener både laurdag og søndag, og Tone har vore her mange timar kvar dag sidan ho kom. Formen er god - så lenge eg ikkje anstrenger meg - eller tenkjer på jobben. Sukk.

Moroklumpen Tord - min partner i Kustus, og forlover i bryllupet kom med fylgjande oppmuntrande gåve til ein mann som kjente seg litt ekstra gamal.


Eg prøver å lukke augene igjen. Tenkjer på at det er kvardag, og fordi eg ligg med øyret oppå handa, høyrer eg inni hodet mitt at pulsen aukar. Kva i helvete er dette for noko tull? Eg tenkjer på kva eg skal gjera i dag. Angiografi. Det er enkelt. Det er eg ikkje nervøs for, men tanken på "dersom, hvis, kanskje" sniker seg litt innpå. Eg snur meg i senga.

Så kjem ei av dei andre sjukepleiarane inn med medisinen min. "Du må ikkje ta den no, men her er den.".
Eg får seks tablettar og to sprøyter kvar morgon. Ein tablett og ei sprøyte kvar kveld. Eg skjønar at eg ikkje skal ta sprøytene etter at eg er utskriven, men reknar med at nokre av desse medisinane er noko som blir ein del av den nye kvardagen. Faen. Det har eg ikkje lyst til. Eg kjenner litt på sorga over å ha mista helsa. Irritert! Korleis kunne eg la det skje?

Skal eg prøve å sove litt til? Nei. Det er ikkje vits. Klokka er 6:20. Eg står opp og kler på meg, hentar ein kaffi og slår på PC'en. Opnar bloggen. Det kjem ein tredje sjukepleiar inn for å ta blodprøve av romkameraten min.

Sjekkar Facebook. 5 nye varsel og 2 meldingar.
Den siste veka har eg verkeleg satt ny pers i likes og kommentarar. Både bryllup og innlegging på sjukehuset på ei veke - sikker vinnar! Eg har jo vore litt over gjennomsnittet aktiv der, og oppdatert folk, og alle er utruleg snille og kjem med god betring-meldingar heile tida. Det er utruleg hyggeleg! Nokre tar det på meldingar i staden for å klikke på liker, eller kommentere på eit av bilda mine. Det er forståeleg, men eg orkar ikkje skriva personleg til alle om kva eg tenkjer og korleis det går, og kva som skal skje. Det var difor eg starta å skriva om dette her i bloggen.

Snart kjem Tone, og vi sett kursen mot Feiringklinikken klokka 9. Alt kjem garantert til å gå heilt fint!

Kommentarer