Bloggtørke - allereie

Det blei som eg forventa. Eg kjenner meg sjølv.

Kvardagen kom på måndag, og sidan kvardagen kom og tok meg har eg ikkje blogga. Det har vore fem dagar med rutine. Opp klokka ti på sju, få eldstejenta ut av døra til skulen, gå på jobben. Ferdig på jobben, hente i barnehagen, lage middag, sjå barne-tv, legge ungar, legge meg. Repeat.

Hjartesjukdomen som opptok meg så intenst eit par veker er allereie noko eg ikkje tenkjer på. Den einaste plaga eg har hatt er vondt i armen som dei gjekk inn gjennom. Eg har hatt vondt om natta, og når eg sit i ro og arbeidar. Det blir betre når eg er i aktivitet og får opp pulsen. Difor har eg tatt ein tur i skauen i lunchen dei fleste av dagane, og det har funka utmerka. Det er (naturleg nok) mykje enklare å vera motivert til ein liten løpe-/gåtur i lunchen, enn klokka åtte om kvelden...

Eg tar meg i å tenkje at "no burde eg ha blogga". Men blogge om kva då? Eg kjenner at det å skriva dette innlegget no nærmast er som å skvise appelsinen for nokre ekstra dråpar.

Kva slags blogg skal eigentleg dette bli? Sjukeblogg? (Er ikkje sjuk lenger) Treningsblogg? (Hahaha) Pappablogg? (Har det ikkje i meg) Musikkblogg? (Joa, det kunne eg nok gjort, men nei) Politikkblogg? (Eg er politisk engasjert, men ikkje så engasjert) Turblogg? (Så aktiv er eg ikkje) Dataspelblogg? (Eg har prøvd meg litt før på ein annan blogg, men spelar for lite) Fotoblogg? (Joa, det burde eg nok gjort) Moteblogg? Interiørblogg? (Hihihihi)

Eg les jo ein og annan blogg, men fylgjer ingen spesielle noko anna enn sporadisk. Eg er eigentleg litt avhengig av at folk delar innlegg på Facebook for at eg skal få dei med meg.
Andre bloggarar er så strukturerte!

- Og så har eg prestasjonsangst og tenkjer at det ikkje er nokre andre enn meg sjølv som kan ha glede av det eg skriv. Kva er det med mine tankar som er så spesielle at eg må publisere dei for all verda? Eg må vel ha ein bodskap?
Kvardagsblogg er ikkje meg. Det blir ikkje mange bilda av ungar på første skuledag, fredagstaco og båtturar med bestemor. Du må vera ven med meg på Facebook for å få den dosen.

Dersom eg får til å skriva meir, så blir det nok ei blanding av alt over. Men er det interessant? Blir det ikkje for spredt? Skal eg skriva for meg sjølv? For kjente? For ukjente? Blir det berre reklame for meg sjølv? For bilda mine? for musikken min?

Mange spørsmålsteikn her.

Denne vekas kreative uttrykk...

Eg må jo først og framst ha tid til å blogge, dersom eg skal blogge, og det er vel der skoen trykkar. Den såkalla tidsklemma tar meg, som eg innleidde med. Eg prioriterer nok ikkje dei timane som skal til. Det er tid som eg må ta frå dei andre aktivitetane som eg har lyst til å bruka fritida mi til. Treninga, musikken, fotograferinga, film, dataspel, osv osv. Eg har fått mange gode råd om å kutte ned på desse aktivitetane mine for å minske stresset i kvardagen, og eg forstår i og for seg kva dei meiner, men desse aktivitetane er ikkje stress for meg. Dei er ein viktig del av stressmestringa mi. Eg er heilt avhengig av å kunne bruka tid på skapande aktivitetar for å kjenne meg levande!

Ok, seier du. Men konsentrer deg om ein hobby. Skriv. Eller fotografér. Eller lag musikk. Eller lag video! Eller vent til ungane er ute av reiret!


Vi får no sjå. Blir det blogg, så blir det blogg!

Kommentarer