Innlegg

Viser innlegg fra august, 2014

Frå fjortis til førtis

Bilde
Då eg var fjortis var tanken på at vaksne kunne spela dataspel rimeleg fjern. Det vil seia generasjonen over meg og eldre enn det igjen. Ikkje fordi eg ikkje eg trudde at dei kunne lika det, men fordi den eldre generasjonen viste så uhyre lita interesse for det, og heilt klart såg på det som leikety som ein burde/skulle slutte med når ein blei vaksen. Eg trur eigentleg at foreldra mine hadde ei slags forventning om at omtrent alle interessene mine kom til å endre seg når eg berre blei eldre.

Ikkje minst musikksmaken. Eg trur det var ei utbreidd oppfatning at før eller seinare - i alle fall når ein hadde runda 30, så ville ein slutte å høyra på bråkemusikk og listepop til fordel for jazz og klassisk musikk. Og opera! Særlig...

I 1990 var eg 20 år. Då drog eg og ein kompis og såg Rolling Stones på Valle Hovin, enda så blakke vi var - fordi det var "sikkert siste sjans til å sjå dei fossilane på scenen". Yeah right! 24 år seinare står dei enda på scenen. Kven skulle trudd det d…

Bloggtørke - allereie

Bilde
Det blei som eg forventa. Eg kjenner meg sjølv.

Kvardagen kom på måndag, og sidan kvardagen kom og tok meg har eg ikkje blogga. Det har vore fem dagar med rutine. Opp klokka ti på sju, få eldstejenta ut av døra til skulen, gå på jobben. Ferdig på jobben, hente i barnehagen, lage middag, sjå barne-tv, legge ungar, legge meg. Repeat.

Hjartesjukdomen som opptok meg så intenst eit par veker er allereie noko eg ikkje tenkjer på. Den einaste plaga eg har hatt er vondt i armen som dei gjekk inn gjennom. Eg har hatt vondt om natta, og når eg sit i ro og arbeidar. Det blir betre når eg er i aktivitet og får opp pulsen. Difor har eg tatt ein tur i skauen i lunchen dei fleste av dagane, og det har funka utmerka. Det er (naturleg nok) mykje enklare å vera motivert til ein liten løpe-/gåtur i lunchen, enn klokka åtte om kvelden...

Eg tar meg i å tenkje at "no burde eg ha blogga". Men blogge om kva då? Eg kjenner at det å skriva dette innlegget no nærmast er som å skvise appelsinen for no…

Hjertesmerten på sykesengekanten. (Gjesteinnlegg)

Bilde
Fylgjande innlegg er skriva av min kjære fru Lockertsen, og viser korleis det kan vera å oppleva hjartesjukdom som pårørande, Dette skildrar dei første dagane.

***

Vi hadde nettopp giftet oss. Vi har faktisk nettopp giftet oss - det er ikke 2 uker siden en gang - men det virker så veldig fjernt akkurat nå.

Vi har vært sammen i snart 13 år, men likevel var det magisk, fantastisk, spesielt, verdifullt og flott å gifte seg! Så mye mer enn jeg egentlig hadde trodd på forhånd!
Jeg har aldri vært en prinsessejente som har planlagt bryllupet mitt fra jeg var fem år gammel. Det å gifte seg har aldri vært noen stor drøm for meg. Når vi likevel bestemte oss for å gjøre det, kjente jeg på sommerfuglene i magen og visste at dette kom til å bli større enn jeg hadde forutsett, og det ble det!


To nygifte dager fikk vi sammen - da aller mest i et lite kaos av blomster, gaver, brudepikekjoler og pensko - før Holger dro til Oslo på sin vanlige ukespendletur.

Klokka litt over syv på tirsdagskvelden tikk…

Det er bare stress

Bilde
"Det er bare stress". 
Kor mange gonger har du sagt det til deg sjølv? Eller til andre. Er det bare slik? Er det bare bare?

Har du kjent stresset på kroppen? Fysisk?



Eg er relativt overfølsam på kva signal kroppen sender meg for tida. Ein bitteliten del av meg ventar jo omtrent bare på at hjartet skal slutte å slå... - Heilt utan grunn, sjølvsagt. Eg er jo reparert!

Så, seint i går kveld, midt under sesong 3, episode 20 av Fringe, kjente eg plutseleg trykk eller ubehag i brystet. Ein skikkeleg knute. Ikkje slik som trykket var då eg hadde anginasmerter, men ekkelt likevel.
Hjartet slo raskare, og eg kjente at eg blei svimmel. Eg prøvde å fylgje med på handlinga på TV, men mista fokus, og blei enda meir svimmel. "Jasså gitt, er det slutten som kjem?", er det ein liten stemme i hodet som seier, men alle dei andre stemmene i hodet seier unisont: "Hald kjeft".

Eg måtte setja på pause, og seia frå til Tone. Ho fortente eit forvarsel dersom eg besvimte, tenkte…

Tankar på stranda

Bilde
Eg har vore heime nokre dagar. Formen er etter det eg kan kjenne heilt tilbake, og har vore på tur i lysløypa i Røsskleiva både i går og i forgårs. Herleg!



I dag har eg vore aleina med ungane medan Tone var på tur, og vi har mellom anna vore på handletur, og på stranda. Vi har to minutt å gå ned stien til den lokale stranda, og det var frykteleg deilig å dra ned dit og vera der. Dei siste dagane etter eg kom heim har det vore skiftande vær, og ikkje så varmt. Nærmast litt haust i lufta. I dag var det over 20 grader, og det var enda fin temperatur i vatnet. Eg presterte å gløyma både mi og minsta si badebukse heime, men det blåste vi i. Det var ingen andre der, så vi bada i underbuksa.


Storesøster snorkla og lillesøster satt i vannkanten og såg på. Ho kom med ivrige tilrop, mens eg soltørka etter dukkerten og nippa til termokoppen med kaffe eg hadde tatt med meg. Det var rart å tenkje tilbake ei veke. Då satt eg også i sola, men det var utanfor hovudinngangen på Ahus, og eg kjente på t…

Ei historie om karate

Bilde
Hausten 2004. Eg var 34. Barnlaus og lukkeleg. Hadde budd eitt år på Holmlia i Oslo saman med kjærasten min. Det året blei vi begge sjuke. Litersjuke. Vi starta med eitt, men fekk etterkvart 8 akvarium. Det var moro. Akvarium er ein fin, men ikkje spesielt aktiv hobby. Mykje kos i heimen og synkande forbrenning pga stigande alder gjorde sitt, og eg var raskt på veg opp i vekt. Noko måtte gjerast. Men kva? 
6 år var gått sidan eg hadde gått frå ein aktiv jobb som lastebilsjåfør med distribusjon av varer til kioskar og storkjøkken i Oslo og omegn til ein stillesitjande jobb som webutviklar på kontor. I starten av kontorkarriera kjøpte eg medlemskap på SATS, og var flink ein periode med trening på senter om morgonen før eg gjekk på jobb. Det varte imidlertid ikkje. Å gå på treningssenter er som mange veit, uhyre kjedeleg, og eg gjekk over til å bli støttemedlem i 1999, og betalte ein latterleg sum pengar for medlemskap i over eitt år før eg fekk avslutta.
I 2004 var eg ikkje på direkte …

Ut på tur! Sur? Ikke faen!

Bilde
Etter to dagar heime som har vore litt nedtur humørmessig, har eg i dag kome eit stykke vidare.

Blei vekt av ein klem. Det er ingenting som slår det! Det var åtteåringen som sa hadet då ho var på veg ut for å gå til første skoledag i 3. klasse. Tenk at ho er blitt så stor allereie...  Slumra litt til, men er visst blitt kronisk A-menneske på mine gamle dagar. Plutseleg gjekk det ein alarm også. Faen, tenkjer eg. Hadde eg satt vekkeklokka på? Nei - ikkje den vanlege - men den som eg har lagt inn kvar morgon og kvar kveld - som minner meg på å ta dei helvetes pillene.
Opp og stå, formen bra. Armen vond, men etter å ha rista litt kraftig på den (!) var det akkurat som at det blei betre sirkulasjon i blodåra, og smerten slapp! Kva i alle dagar, tenkjer eg.
Egg til frokost. Vesla er ikkje i barnehagen enda. Ho insisterer på å eta egg saman med meg, sjølv om ho nettopp hadde spist frokost. Fruen er i dusjen. Vi et ferdig, eg lagar ein kaffekopp og går ut i sofaen. Der står NRK Super på. Det …

Første døgnet heime. Frisk snart?

Bilde
Det var fint å koma heim i går, men det var rart å koma heim til eit tomt hus framleis rotete etter bryllupet, og full av visne blomar. Det var ikkje den oppturen å koma heim som eg venta, og som eg skreiv i går var det ikkje så lett å ta inn over seg dei umiddelbare endringane, og at eg no er  medlem i den klubben.

MEN! Det var fantastisk å få heim jentene mine på 3 og 8 som hadde vore nesten ei veke hos besteforeldra sine. Med ein gong dei var heime, blei alt nesten som før, og dei hadde laga nydelige kort til meg...


Det blei ein taus kveld i sofaen med skriving av blogginnlegg, men greidde å nyte ein boks med øl før eg fann senga saman med min kjære.

Onsdag vakna eg ikkje før nesten halv elleve. 11 timars søvn er ikkje vanleg for denne karen.

Minsta var levert i barnehagen, mens største var begravd i eit spel på laptopen sin. Eg kokte egg til frokost. Titta i kjøleskapet. Tenkte på kosthaldsråd. Såg etter matvarer som kunne gjera dette kjipe med meg. Fann ikkje noko spesielt. Var d…

Medlem i DEN klubben

Bilde
I går var det overstått. Så langt, i alle fall.
Etter eg posta gårsdagens innlegg, var det berre å venta på Helseekspressen som skulle ta meg og Tone til Feiringklinikken. Eit flott tilbod med hyggelege fagfolk som tilbød koffeinfri kaffi på turen. To pasientar i den svære bussen var kanskje litt overkill, men vi klaga ikkje...


Etter denne fantastiske sumaren var det sjølvsagt eit øse pøsande regnvær, men det hadde lite å seia og turen gjekk raskt nordover til Mjøsa og Feiring. Vel framme blei vi godt mottatt og eg fekk enerom! Juhu! Klar forbetring frå Ahus. Eg hadde hyggelege romkameratar der, for all del, men det er noko eige å kunne fjerte i vilden sky utan å måtte tenkje seg om!

Veldig, veldig hyggelege sjukepleiarar passa på alle mine behov, og etter eit par-tre timar var det min tur til å bli preppa for angiografi som den siste for den dagen. Det medførte å bli satt under ekg-overvakning, og lagt på bordet og pakka inn slik at berre hode og håndledd stakk fram. Legen kom så in…

Dommens dag

Bilde
Måndag. Klokka 06:05, og ein svenske med pistrete hestehale og ein bart som burde vore stussa litt, vekker meg. Tid for dagleg rutine med måling av blodtrykk.

Bortimot halvparten av sjukepleiarane på avdelinga her snakkar ein eller annan svensk dialekt. Kva skal vi gjera her til lands når desse finn ut at dei vil reisa heim?

Blodtrykket er normalt. 115 over 72. I går gjetta eg blodtrykket og pulsen min før den blei målt, og eg traff nesten blink. Det er enklare å snakke og spøke med dei norske sjukepleiarane. Dei svenske er på ein måte meir reservert. Eg veit ikkje om det er språket eller kulturen. Men jobben dei gjer er uklanderleg.
Eg blir satt på EKG også. 10 strategisk plasserte klistremerker med elektrodar blir klistra på kroppen min, og eg får konstatert at alt er fint. Det har det heldigvis vore på alle målingane sidan den første på tysdag kveld.



Svensken spør om eg vil ha mat. Det blir ikkje servert frokost her før klokka 08:45, og eg skal av garde med helseekspressen til Feir…

Kjede seg? Yeah, right.

Bilde
Det er lenge sidan eg har vore i ein posisjon der det å kjede seg er ein faktisk potensiell fare. Å vera innlagt på sjukehus langt frå familie og vener, og der ein faktisk må ta det litt med ro pga helsa opnar opp ei heilt ny verd for ein som har to gærne ungar, ein krevjande jobb, eit stort hus, og mange hobbyar. 
No er det sjølvsagt i praksis ingen fare likevel. Så lenge ein har tilgang til ein smarttelefon eller eit nettbrett og tilgang til internett, så har ein jo heile internett å boltre seg på. 

Men kva har eg gjort her på Ahus mens eg har vore innlagt?  Eg har t.d. lese musikkmagasin på første gong på lenge! Det var kjempeinteressant og artig! Men kjem eg til å kjøpe Mojo Magazine heime på Stathelle? Neppe. 
Eg abonnerer på Illustrert Vitenskap. Min absolutte føretrukne lektyre på mine pappa-timeouts. Dvs. dei minutta (kanskje opptil 20) som eg kan snike meg unna familien annankvar dag på do. Det er likevel som regel ikkje nok til å få få lest ut eit heilt blad før neste blad …

Stress?

Bilde
Laurdag. Eg har vakna i senga på Ahus. Det er ei vekes bryllupsdag!
Det gjekk litt lenger tid enn vanleg å få sove i går. Eg blei liggjande å tenkje på jobben. Og kjenne på trykket i brystet som tiltok i styrke jo meir eg tenkte på jobben - og trykket i brystet. Ein ond sirkel som det ikkje var lett å koma ut av. Kjenner på det no når eg skriv om det, og det er ikkje noko god kjensle.



Eg les i brosjyra mi om Angina pectoris. Fysisk anstrengelse og psykiske påkjenningar er utløysande faktorar. Eg er og har alltid vore i generelt god form, har ingen hjartesjukdom i familien, så det er ingen slike grunnar til at eg skulle få dette. Så spørs det om eg er tvungen til å tenkje på den andre moglege årsaka: psykiske påkjenningar. Det er vel ganske enkelt det som vi kallar for stress.

Og eg må starte å innrømme for meg sjølv og alle andre at eg er stressa. På jobben. Eg er flink til å late som, og eg er til og med flink til å koble ut. Eg koblar ut det eg bekymrar meg for. Eg går inn i hula m…

Ny blogg. Helsa borte?

Bilde
Eg har ei stund vurdert om eg skulle opne ein ny blogg. Det skjer ikkje så reint sjeldan at eg har ting på hjartet. Eg har ein blogg til her på blogspot som eg skulle bruka til tekniske ting, men det blir jo ikkje gjort. Så no er eg spent på om eg er moden for dette.

Årsaka til at eg no prøver igjen er to hendingar i løpet av kort tid.

Eg gifta meg på laurdag Tysdag blei eg lagt inn på sjukehus med smerter i hjerteregionen. 

Vi hadde eit fantastisk bryllup på laurdag med 50 gjestar. Familie og vener i fin blanding. Flott humanistisk vielse, god mat og artig fest på Langesund Bad. Tone og eg har spelt litt saman i det siste, og vi endte opp med å stå for underhaldninga sjølv då vi spelte tre låtar for gjestane. Det var veldig moro. Det er lenge sidan eg har stått på ein "scene" no, og det ga definitivt meirsmak. Film av spelinga blei lagt ut på Youtube, og det blei faktisk plukka opp av lokalavisa!



Sliten søndag gjekk fort. Mandag var eg tilbake på heimekontoret. Mandag kveld …